Jacob Walsøe som fann opp granatharpunen
(Nordlys 30/5-1953)

Jacob Walsøe
Nord-Noreg har hatt og har mange
framståande
menn. Vi har lese om
dei i
historie og presse. Det er menn som har i stridd og fått motbør, men
like i vel ikkje gitt opp. Det er menn i som er verd den omtala de får.
Likevel
har det levd og lever det geni som må gi opp p. g. a. trongsynte
og
egoistiske menneske. Eller de kjem ut av billete på ein
eller annan måte.
I
Riksarkivet er det m.a. funne noen dokument frå 1850 som
omtalar eit
slikt geni. Dokumenta galdt ei oppfinning som gikk ut på å drepe kval og andre større sjødyr med
ei eksploderande pil. Utgreiinga var på langt nær utførleg. Det vanta teikningar og det heile gav inntrykk å vere eit
nokså uferdig prosjekt. Men der var likevel noen papir med som festa ein nærare ved oppfinninga. Der
var uttaling frå landskjente menn, tilrådingar som viste at oppfinninga
den gongen var vist meir enn vanleg
interesse. Der var og eit brev frå Svend Foyn. Han fortel
først om ei prøveskyting med apparatet han hadde
vore med
på, det resultat prøven hadde gitt, og skriv så: ”Heraf
tror jeg ovennævnte Piil er
meget hensigtmæssig til Hvalfangst, dog bør vel Begyndelsen gjøres af Inventøren for at rette de Mangler som muligens vil vise
sig ved praktisk Brug, og skulde denne blive udført af ham, deltager jeg deri,
om han så ønsker det, med 100-150 Spd., da jeg tror
et fordelaktigt Resultat er antagelig.
Således
kunde dette Prosjektil fremmes til praktisk Anvendelse, maatte
det være meget gavnligt for vort Land, selv om der ei var tilstrekkelig Hval ved Norges
Kyst. Denne utbetaling er datert 24. august 1850, – fjorten år for Svend Foyn
begynte kvalfangst.
Ved forespørsel
hos kjentmenn på området viste det seg, at oppfinninga det her gjeld, no er heilt gløymt og ukjent av kvalfangstens
kronikørar.
I
førstninga var det berre eit kjent namn
å bygge etterrøykinga på, mekanikar Jakob Walsøe var oppfinnaren kalla. Men
etter kvart er det skaffa eit nokså fyldig materiale
om denne mannen som i mykje var langt framfor si tid.
Eit geni som diverre kom bort på ein
tragisk måte i Akerselva.
Jacob
Nicolai Walsøe blei fødd i Borkenes ved Harstad, truleg i 1820.
Far hans var gardbrukar og handelsmann, mora var av holstensk
ætt. Guten kom i tidleg alder til Bodø hos framande folk. Berre elleve år gammal begynte han på
kontor. Først hos skrivaren i Salten, seinare hos skrivaren i Tana. Men han lika ikkje kontorarbeidet i lengda,
og omkring 1840 fór han til i Oslo for å utdanne seg
til kunstmålar. Nokre av bileda hans skal ha vore
utstilla i Tromsø og Kjøbenhavn. Motiva for desse
bileda var gjerna henta frå
livet åt lappane og kvenane.
Men det
var smått med pengar og om kort tid måtte han ta til med
kontorarbeidet igjen. Denne gongen hos
ein embetsmann
på Helgeland. Her skal det ha vore han for alvor begynte å
sysle med oppfinningar, det som for resten av livet skulle oppta all interessa og fantasien
hans. Impulsen til de første oppfinningane sine hadde han frå borne- og ungdomslivet mellom fiskarane i Vesterålen.
Salten og Aust-Finnmark. Og serleg var det
kvalfangsten og de framslag som kunne gjøres ved den som opptok han.
I eit av
breva sine til departementet skriv han m.a.: ”Det er almindelig
erkjent at der ved Norges Kyst og under Spitzbergen gives en Mængde Hval hvis fangst
kunde yde en betydelig Ærhvervskilde,
dersom man havde et sikrere og mere
dræpende Vaapon end de hidtil brugelige.” Eit
slikt våpen, eller ideen til det meinte han å kunne stille fram med den eksploderande pila han hadde funne opp. Men han vanta kapital
til å eksperimentere vidare med oppfinninga og med
prøve på å få nødvendig hjelp finn vi han snart tilbake i Oslo.
Her blei
han kjent med den fiskeriinteresserte lektor, seinare professor Rasch. Det
viste seg seinare at han var Walsøe ei
verdfull støtte når det gjaldt å tale saka hans for trege departementsfolk.
Truleg, ved Raschs hjelp, fekk Walsøe
50 Spd. i 1849, av Selskapet for Norges Vel, til å arbeide vidare med
oppfinninga. Og så gjekk det slag i slag frametter. Våpnet
blei demonstrert under kontroll av artillerikaptein H. N. S. Wergeland som var
ekspert i dette den gongen. Prøveskytinga vekte
interessa og var elles så
god at Walsøe i oktober 1850 fekk 300 Spd., av statskassa for å fare nordover og prøve apparatet
på kvalen der.
Oppfinninga,
var eit prosjektil som var konstruert som ei i pil og med ei sprengladning av fint sterkt krutt. Om sprengkrafta sei
Wergeland m. a. at den ”må kunde gjøres meget i betydelig, da Intet skjønnes at
være til Hinder for at anbringe en endog meget stor Krudtmasse
i Pilehovedet.” Ved hjelp av
eit brannrør
kunne prosjektilet eksplodere anten når det støytte mot målet eller noen sekunder etter.
Likeså kunne det sikres mot ein kvar eksplosjon.
Prosjektilet blei skoten ut av eit serkonstruert, svert i tjukt, slettløpa gevær. Det var og innretta så det kunne holdes på
fri hand i lengere tid. Ved prøveskytinga blei det vanleg
skoten mot ein leirbakke i
ei frastand av 30–70 alen.
Det viste seg at prosjektilet på ein fråstand av inn til 60 alen råka
eit hard breitt mål og fór
inn i bakken ca. 2½ alen koretter det eksploderte.
Wergeland sei i erklæringa si at om det på grunnlag av de få prøvane
han hadde sett, ikkje kunne bygges noen fast
konklusjon, så trudde han likevel det ville lykkes Walsøe
å realisere ideen sin. Og Rasch framhold som si meining, ”at Walsøes Opfindelse vil blive av
stor Betydning for Hvalfangsten.”
Så fór Walsøe til Nord-Noreg for å prøve felta der. Men det gjekk skralt på
denne turen. I eit brev han sendte lektor
Rasch i april 1851, fortel han at han har hatt de
største vanskar med å få båt og mannskap. Karfolka
var på Lofotfiske, og de som var igjen, såg på han som
ein raring
eller var uvillige. Så vidt ein veit er der berre
melding om ein kval som Walsøe skaut.
Lensmann, stortingsmann Kjeldsberg som såg denne
kvalen sei i erklæringa si m.a. at ”Længden af det omhandlede Hval bibragte Saar
var 12–14
Alen indvendig langs Rygraden”
og at ”i saaret fandtes et
Stykke af den exploderte Piil,” som kvalen var
drepen med.
Men var
lykka mindre god og vanskane mange, så hausta han
likevel verdfull nytte. Prosjektilet blei etter kvart
betre, snarast eit nytt, nærast som ein harpun, fortel han i eit
skriv til departementet. Og i juni 1851 sendte han inn søknad om patent. I
skrivet framholdt han m.a. at de ”vundne Erfaringer
har sat mig istand til at
for bedre Vaabenet i den grad at jeg nu mer end for
gjør mig Haap om et heldig Resultat.” Søknaden blei
lagt føre ”Selskapet for Norges Vels industriklasse,” som då var det industrielle
rettsvern. Klassa fann at oppfinninga var ny og tilrådde utan
noe førehald å verne ved patent.
Dermed skulle
saka etter gammel rekning vere klår. Men no
gjorde Indredepartementet, som hadde den formelle avgjerdsle i slikt, ei
oppfinning for eiga rekning. Mannen hadde
jo fått offentleg støtte til å eksperimentere med oppfinninga sjølvsagt kunne han
ikkje få patent.
På reisene
sine blei Walsøe klår over at skulle det bli til noe
måtte det andre greier til i enn robåt og
eit
tilfeldig leigd mannskap. Men det trengtes kapital til dette.
Det ligg nær å tru at det har vore den sekre
tanken og vona hans at når han bare fekk patent skulle det gå lettare å få
reist de nødvendige medlane. Det måtte såleis ha vore
tungt for han når søknaden hans blei vraka. Men han miste ikkje
motet og reiste rundt for å få pengefolk med seg. Han var og i Oslo. Men det
gikk i mellomtida ikkje. I ein artikkel i
Morgenbladets attan år seinare er der noen linjer som fortel litt
om det. Det hetter der: ”I Hvalfangst med Dampskib
ser vi nu alle en betydelig Erhvervskilde for
Landet.” Dette prosjekt gikk Walsøe med fra dør til
dør i fleire år. Trondheim og byane
i Finnmark teikna i
mellomtida ca. 4000 Spd., men det var likevel ikkje nok.
Reisene
hans førte med seg at han i 1853 blei lensmann i Karlsøy tinglag.
Samme år blei han gift. Kona delte ikkje interessa for oppfinningane hans og såg visst nærast med uvilje på det heile.
Så
arbeidde han med betringar og
oppfinningar på andre måtar.
Sekert med bitanke om muleg å skaffe pengar til det som framfor alt
låg han føre, kvalfangsten. Og så ser vi at han i mai 1856 – som 36 år gammel
lensmann og familiefar sender inn søknad til Kongen ”om Understøttelse til en
Reise til Christiania eller Horten, hvor jeg agter
at uddanne mig i mekanisk retning, om dertil gives Andledning, i de 2–3 Maaneder jeg kan være fraværende fra Hjemmet.” Men sjølvsagt måtte denne søknaden også bli vraka.
Han
arbeidde og med ein fiskegarnmaskin og slutta som lensmann
for berre å halde på med dette. Ei tid var han maltkontrollør ved eit
bryggeri, men også dette arbeidet har gått samme vegen. Då han var komen
heim frå England var han utan noe borgerleg
bisyssel. Ei tid var han hos lyden sin men for så
tilbake til Oslo for å arbeide med nye
oppfinningar.
No kom det
ei vanskeleg tid for han. Uhella og den økonomiske stoda førte
med at han blei sett på som ein dagdrivar, i sin eigen krets, eller
i høgda som eit misslykke geni. Sjukdom støytte til og elles vanskar
på mange måtar.
Allereide i 1854 hadde han
arbeidd ein del med ideen å bruke eksploderande
gass i staden for damp til drift av maskinar. Den ne ideen tok han no opp og arbeidde
vidare med.
Tanken på
å komme tit med kvalfangst hadde ulma i han heile tida. Ein
tanke han stendig kom tilbake til og ei von som han aldri, ga opp.
Men i 1869
var ein annan alt i full gong med kvalfangst. Ein mann
som åtte pengar til å vinna over
vanskane og
som brukte de og, Svend Foyn. Attåt dette kom så at i
Amerika hadde de ført tanken til Walsøe vidare. Der heldt
de på med å ta ut patent, eller hadde visstnok allereide
gjort det, på granat- harpunliknande prosjektil for
kvalfangst. Ka kunne det så nytte for ein fattig nordlending sjølv om han var eit geni, å ta opp konkurransa?
Det er
svært truleg at Walsøe seinare ville
samarbeida med Svend Foyn. Det ville elles vere
underlegi om han ikkje gjorde
det. Men la vere som det vil: Svend Foyn har sjølv
i allfall, så vidt
ein kan
sjå, ikkje fortald om Walsøe i erindringane sine.
Unnateke at han
etter at Walsøe var død, sendte enka 10 Spd. I søknadene sine om patent fortel Svend Foyn om mange
andre menn, men Walsøe
nemnar han ikkje med eit ord, merkeleg nok.
Og så ein
kveld var det slutt. Etter Halvorsens forfatterleksikon, drukna Walsøe i Akerselva i oktober 1869. Det er nok sekert at det er hendt så. Men namnet
hans er
visst ikkje enno funnen i kjerkebøkene
korkje for Oslo eller Aker. Det næraste
ein kan støtte seg
til er ei notering i Oslo skifteretta dødsfallprotokoll fra 14. oktober 1869:
”Liget af en ukjendt Mandsperson fundet i Akerselven 12. ds.,
begraves på fattigkassens Regning.”
Tilbake til hovedsida
Vågemot miniforlag