Når bjørnen er skoten
av
Eilert
Kvernes 1970
Isbjørnskinn i store haugar ligg meir
eller mindre ferdiggarva i Næsvolds Garveri i Tromsø. Det er her dei får inn dei
fleste skinn av isbjørn som blir felt på Svalbard. – Sjølv om ein frå
1. september har fått kvoteregulering for isbjørn, er det langtfra det same som at det
ruslar mot
slutten for isbjørnens århundregamle saga. – Men ein
må tru at
det ligg ei godt sakleg vurdering bak vedtaket.
Bjørnskinna tar ein stort sett imot av den einskilde jeger og fangstmann, eller det er firma som kjøper
råskinna og sjølv leverar dei til
bereiing for sal i forretning.
Dette er etterspurt vare på grunn av sjeldenheten og
arbeidet med fangst, flåing, frakting og preparering gjer at skinna held seg godt
oppe i pris. Ein godt vaksen bjørn med
utstoppa skalle og glisande tanngard, får ein vanskeleg under 4–5000 kroner idag når dei blir kjøpt gjennom forretning. Ein reknar med at kvotereguleringa vil dra prisen opp over frå neste sesong. Med same kan nemnast at ein for ca. 150 år sidan fekk 40 kr. for eit skinn.
Eindel dyr er merkt for at ein skal m.a. kunne få meir greie
på slikt som vandringa. – Dette blir gjort ved at ein skyt på dyra med bedøvelsesampuller slik at dei sovnar av til
dei er merkte. Slik blir det gjort også
med m.a. moskusdyra.

Slik tar skinnet av ein vaksen ut når det er bereidd og
skallen stoppa ut.
– Denne merkinga øydelegg skinna mykje, sier Oddmund
Birkelund. – Merka som dei får i øyro, kleiar og kjennest ubehagelege og kalde. I alle fall har ein fått inn skinn av fleire merkte dyr som er nærpå øydelagde. Øyro kan vere skamrivne etter at dyra har vore borti med kloa for å bli fri merket. Det verste er
målinga i pelsen. Ei måling dei gjerne
blir merkt med et seg ned i pelsen slik at denne løsnar mot
skinnet og dei stygge merka gaper altfor tydeleg fram. Når det gjeld øyremerka, skal det vonaleg bli betre nå etter at dei meir har gått over frå aluminium til plastmerke.
Fangstfolket er stort sett flinke til å flå slik at dei får heile skinn der slikt som snute og klør blir godt
med. Det fins dei som leverar skinn til
heilutstopping av dyret, men det krev stor plass for eit vakse dyr –
ja, for
ein unge også for den del. Skallane fylgjer alltid med skinnet som ein mal, og kunstig innlegg i det utstoppa hovudet blir gjerne laga av skumplast som limast saman og er lett og fast. Tanngarden blir brukt – men det hender
at
ein må skifte ut dei største tennene med kunstige dersom dei er
øydelagde. Rektig gamle bjørnar merker seg ut ved å ha dårlege tenner, delvis råtne og fleire kan ha losna og falle ut. Sikkert kan eindel slike hatt ein veldig plage med tannverk, meiner driftsleiar
Birkelund.
Nøyaktige tal for kor mange isbjørn som blir felt
gjennom ein sesong har ein ikkje, men denne siste vinteren har vore ein av dei
beste på mange år. På sjølve Spitsbergen skal det det vere tatt mellom 3 – 400,
på Hopen kring hundre og på Bjørnøya 12. På dei to siste stadene
er det
vervarslingsfolka som jaktar. Bjørnøya har elles fått eit noko feilaktig nanm. Den første som, oppdaga, øya kom alt i 1194, og øya vart så oppdaga på nytt at i 1596 av ein hollandsk ekspedisjon der m. a. hollendaren Willem Barents var med. Tilfeldig kom dei på ein bjørn med same dei gjekk
iland, dei kom tilmed i nærkamp med han og av denne grunn fekk så øya namnet sitt.
Men Bjørnøya ligg såpass langt frå Spitsbergen og
drivisen at berre nokre få dyr kjem så langt i retning mot Norge. Ikkje for det, det er felt dyr som har drive i land like til
norskekysten! Dei 12 dyra
som vart felt på Bjørnøya vart tatt av folka ved vervarslingsstasjonen. Det
eine var uvanleg stort, kring 900 kilo,
sa
karane, og dette må då vere ein av dei aller største som er tatt der borte. Dei fekk også
ein strak kontrast, ein unge som dei måtte ta,
då mora vart skoten utan at dei då med same
var klar over at ho hadde unge med seg.
4–500 kilo reknast for å vere ei nokså vanleg vekt for ein hannbjørn, men det er heller ikkje heilt uvanleg at dei kan kome opp i over tusen kilo. Ein hann blir gjerne
2.20 meter lang, men på Grønland er det skote ein som målte heile 3.40. Sel,
kobbe og klappmyser er dei viktigaste matrettane for ishavsbamsen, men han kan
også gå i land og seier då ikkje nei takk til ei reinsyrsteik eller grøne
grasgangar der det måtte vere litt groe mellom is og snø.
Det er fortald at det er drept 100 bjørn samstundes
same staden av fangstfolk der dei har komme over ein slik stor samling på isen.
Ein gong hadde seks mann tatt livet av 90 dyr på yngleplassen Kong Karls Land,
samt 32 ungar som dei hadde fanga levande. Bjørnen vart totaltfreda på
yngleplassen for ein god del år sidan, men det hender at han før ungane sine
andre stader enn her.
Binna går i hi i oktober/november når det tar til å
bli nokså mørkt om dagen. I januar blir ungane fødde, gjerne to, men det kan
også vere tre – og ut i mars har dei patta til seg så dei har vakse seg store
som katter.
Det sjeldan at bjørnen går til åtak på folk, men han
er ikkje til å spøke med når han går med ungane og når ein kjem uforvarande rett på han. Fangstfolka kan
fortelje om fleire episodar då dei har vore i nærkamp. Polfararen Hjalmar Johansen vart eingong slengd i
bakken under ein ekspedisjon med «Fram». Men bjørnen er også svært nyfiken og
ikkje så redd av seg, fangstmannshyttene har mange gonger og mange stader fått
bjørn på vitjing, og han
mislikar gjerne ikkje å ta seg rumsteringstur inne på eigenfot – eller han går
rundt hyttene og snuskar.
Isbjørnkjøt er rekna for å vere ein
delikatesse, det er berre det at kjøtet kan vere
livsfarleg å ete då det i dei fleste høve er besett med trikiner. Mengdevis av
menneske i polarstrøk har ete trikinifisert mat,
enten det nå gjeld bjørn, kvalross eller andre dyr. I dag må fangstfolk og andre nærmast svelte ihel før dei
tar sjansen på å ete isbjørnkjøt som ikkje har vore om kjøtkontrollen. Det er
trikiner i meir enn to av tre dyr. I eit parti på 36 var det til dømes 34 som
hadde trikiner i seg.
Den som har skote flest bjørn i si tid er
Tromsømannen Henry Rudi, som døydde for nokre få veker sidan vel 80 år gamal.
Han hadde overvintra 27 gonger som fangstmann, åleine eller saman med andre og
hatt med seg 713 isbjørnskinn heim til Norge i tillegg til ein del bjørneungar
som han selde.
Men slike glansdagar er nok
forbi – førebels i alle fall – og det er vel tvilsamt om kvotereguleringa vil
føre attende til dei store tala att.
Fangstfolk og dei som bur på Svalbards ymse stader,
har tatt imot reguleringsvedtaket med noko blanda kjensler. Eindel meiner at det kunne vere på sin plass så hardt som
det har gått ut over bestanden serleg i dei seinare åra. Men dei fleste tykkjest
å meine at det trass i ei nokså sterk avskyting, ikkje
er nokon fare på ferde.
Men all jakt er ikkje like real og fin. Det fins enno dei
som løyser skot frå snøscooter, noko som er forbode, og serleg stor sport er
det vel heller ikkje å stå tørt
og godt og trygt på eit panelt båtdekk og plaffe ned dyret inne på iskanten.
Dette er ikkje uvanleg form for jakt for safariturane sommarstid. Noko anna
kan ein seie det er for dei som
har fangst som leveveg. Elles tykkjest dei fleste dyra å bli tatt med sjølvskot.
Det verste er at det fins del som skyt isbjørn berre
for å ha opplevd
det å få ta livet av eit slikt stort dyr – og så lar dei skrottane berre ligge
der. Slikt er vetlaust og har sjølvsagt ikkje noko med slikt som karsleghet
eller mannfolkbragd å gjere.
Eit skinn av ein velvaksen isbjørn får fangstmannen
eitpar tusen kroner for, eller også noko meir dersom skinnet er ekstra stort
og fint. Det er dei som i det seinare har gjort godt halvt hundre tusen kroner
på sesongen og hatt ein god del
anna på si. – Men godt skal det heile leggast an, og hardbalen og dreven
villmarksmann og skyttar skal den vere som
vil rekne med å gjere det store varpet oppe i is, kulde, snø, stormar og
einsemd og kanskje dårleg husvere gjennom ein hard vinter der det ofte går på
livet laust og sjansene for å kome heim att til fastlandet til sine tider kan
synest å vere heilt vonlause.–
Tilbake til hovedsida
Vågemot miniforlag